Sensorenheita plasserer du på handbaken.
Ladekabel med magnetkontakt som festast mot sensoren. Du kan bruke ein mobilladar med USB-B kontakt.
Koplar opp sensoren din til skya slik at du beheld historikken din og gjer det mogleg for andre personar å få varsel om vibrasjonseksponeringa di. Ordinær pris 990 kr/år.
For kvar 5. sensor i bestillinga di gir vi bort ein lisens til HAVS Protect Manager, som gjer det enkelt for deg som arbeidsleiar å førebygge og dokumentere tiltak. Også verneombod og bedriftshelsetenesta har nytte av denne funksjonen. Ordinær pris 2.490 kr/år.
Pakken blir levert til leveringsadressa di med Bedriftspakke.
Målet vårt er å ha sensorar på lager, men vi har stor etterspurnad. Spør oss ([email protected]) om leveringstid før du sender inn bestillinga di om du vil vere sikker.
Garantisvikt som oppstår innan 12 månader reparerer vi utan kostnad. Om skalet går sund, eller annan skade oppstår som kjem av feil handtering, reparerer vi det etter ein fast prisliste.
Batteriet er eit såkalla LiPo-batteri, som normalt har om lag 500 ladingssyklar før kapasiteten går under 80 %.
Batteriet varer minst 2 dagar, noko som gjer at du lader det om lag 100–150 gonger per år. Altså vil batteriet ha meir enn 80 % kapasitet i om lag 4 år.
Produktet fungerer framleis etter 4 år, men batteriet held kanskje ikkje like lenge.
Ja, vi kan bytte ut batteriet for deg. Det er ikkje noko du kan gjere sjølv, ettersom undersida av skalet også må bytast ut.